Feios » Nyheter » Vidasete opp » Vidasete Opp 8. juli 2012
Vidasete Opp 8. juli 2012

8 juli, Feios i Vik Kommune

Søndag 8.juli 2012 inviterer Feios Idrettslag til motbakkeløp for sjuande gong . Vidasete Opp er ei fantastisk naturoppleving med storslagen utsikt over Sognefjorden på toppen.Siste åra har ca 70 stk kappast om å komma fyrst til topps + ca 200-300 i trimklassen…Men er du skral å gå , fortvil ikkje. Du kan og få med deg løpet frå startarenaen på Lunde. Der er det speaker med  fortløpande info ,bilete,musikk og moro under heile løpet i tillegg til salg av forfriskningar.Blandt anna ALMGÅRD IS. Forykandes premieutdeling på idylliske Lunde ca kl 15:00. Det blir sett opp stort partytelt i tilfelle ”sterk sol ”  😉 Sjå video på YouTube. Søk på ”VidaseteOpp” og kom i stemning allereie no!

Stad:
Feios i Sogn, Vik kommune

Kategori:
Motbakkeløp med fellesstart

Klassar:
D/H 1:  14 – 16 år
D/H 2:  17 – 20 år
D/H 3:  21 – 29 år
D/H 4:  30 – 39 år
D/H 5:  40 – 49 år
D/H 6:  50 – 59 år
D/H 7:  60 år +

Starttid:
Trim/mosjon/familietur 10.00-12.00
Konkurranseklassar: 12.27

Startområde:
Høgdegarden Lunde 440 moh.

For deltakarar i konkurranseklassar:
Felles transport opp

🙂 Forbode med stavar og sko med skarpe piggar
🙂 Veging av sekk, min2,5 kg

Målområdet:
Vidasethovden 1227 moh

Total lengd:
ca 4,5 km

Løypa:
3 drikkestasjonar, 2 undervegs, 1 ved målområdet.

Natursti for dei mellom 0-15 år.

Løyperekordane står slik:
MENN : 0:34:41
DAME : 0:41:40

Premiering:
Premiering til 1., 2. og 3 plass i kvar klasse.
Hovudpremie til beste herre og beste dame.(1. pl.  kr 3500,- 2.pl. kr 2000,-  3.pl. kr 1500,-) om ny løyperekord + kr 2000
+ trekning av premiar i både trim og
konkurranse kl. blandt anna ein SYKKEL

Påmelding

Registrering:
Feios ungdomshus frå kl 09:00-11:15 Her får ein og startnummer

FørhandsPåmelding:
Skjema på nettet: Sjå her
eller tilgjengelig på telefon:
Dan stramme karen Gunnar Grindedal, tlf  97 18 02 07
Elde dan spreka jentao  Anita Lunde, tlf 90 12 94 05

Event E-post til  vidaseteopp@hotmail.com

StartKontingent:
Konkurranseklasse kr  200,- ( fram til 7.juli )
Etterpåmelding  konkurranseklasse kr 300,- ( på dagen 8 juli)
Trimklasse kr  50,-
Familiepris kr 100,-

Betaling:
Betaling til kontonr 3800.15.06029
Merk innbetalinga med namn og adresse, tlf.nr. og fødselsdato.

Meir info finn du på http: www.feios.no/vidasete-opp
Evt. ring  97180207 / 90129405

 

Feios il. ønsker Deg  Velkommen!!

Klikk her for å sjå forårets resultatlister

 

 

 

 



Legg igjen svar

Navn
(* kreves)
E-post adresse
( * kreves - vil ikke vises )
Web side
Kommentar
(* kreves)