Feios » Nyheter » Påskeskirenn på Klukjen/ Flatfjellet 2013
Påskeskirenn på Klukjen/ Flatfjellet 2013

Påskeafta, 30.mars 2013, arrangerte Feios Idrettslag påskeskirenn oppå Flatfjellet – med stor suksess. Vegen var brøytt og sanda heilt opp til Klukjen, og varefrakt av ski, sekker og folk gjekk så det susa med idrettslaget sin skuter. Oppe på Flatfjellet var det preparerte løyper til store og små. Liten runde på 400 m og ein større på 2 km. Stadion var flott tillaga med bålpanne, grillar (storkjøken), snøbenker (sofa), stort og lite hopp, og start-/mål-arena. Med strålande sol, blå himmel og vindstille, fekk skirennet ei flott ramme, og det me kallar ein perfekt påskedag. Folk kom strøymande til, og det gledde nøgde arrangørar. 26 ungar stilte til start både med og utan kostyme, og sveitta og sleit seg gjennom både ein og to rundar før dei kunne kasta seg over målstreken. I klassen vaksne, store, sterke pingler var det 8 stk som stilte på startstreken (og som kom i mål). Etter endt skirenn varta storkjøkenet opp med pølser og brød/ lompe, og ungane fekk kosa seg med premiesjokolade. Beste kostyme gjekk til «prinsessa» Leonora Berdal, og ho fekk eit snøbrett (sponsa av MxSport i Vik) for innsatsen. Turid Johanne Grindedal innkasserte 2.premien, ei god hue (sponsa av Feios Idrettslag), for å stille til start som sjølvaste Påskeharen.

Deretter var det duka for hopprenn med utruleg mange omgangar, og mange hopparar. Lengdene varierte mellom 1 og 11 meter. Somme av hopparane prøvde seg som freestylarar, medan andre imponerte med luftige svev og elegante telemarknedslag. Litt ulike og artige knall og fall fekk tilskodarane og høve til å sjå. Imponerande var det. Sondre Grindedal fekk premie for lengste og luftigaste hopp – ei hue og sjokolade sponsa av Feios Idrettslag. Elles vart det premiar til Anders Townsend, Gunnar Grindedal og Roger Lunde.

Deltakarlista for årets påskeskirenn ser slik ut:

  • under skulealder: Sissel Ulvestad, Torstein Feidje, Angelica Høyland, Signe Vangsnes, Leonora Berdal, Vemund Hove, Eva Grindedal, Helene Nummedal Holen, Celine Fosse Skagen
  • årsklasse 2006: Kristina Feidje, Lars Brekke, Madelen Fosse Skagen
  • årsklasse 2005: Sissel Harbakk, Emilie Vangsnes, Eldar Hove
  • årsklasse 2004: Turid Johanne Grindedal, Agathe Feidje, Harald Brekke
  • årsklasse 2003: Ivar Hjortland (10.24 – 2 km), Anders Townsend (10.13 – 2 km)
  • årsklasse 2001: Håvard Feidje (10.31 – 2,5 km), Steven Townsend (10.07 – 2 km)
  • årsklasse 2000: Anette Harbakk (22.53 – 2,5 km), Solveig Grindedal (23.23 – 2,5 km)
  • årsklasse 1998: Sondre Grindedal (12.52 – 4 km)
  • Vaksne, store, sterke pingler: Terje Høyland, Julie Ness, Ingvar Vangsnes, Sølvi Masie Vangsnes, Bjørn Grindedal, Leiv Berdal, Anne Kari Hopperstad, Arnstein Berdal
  • og til slutt alle dei som ikkje gjekk renn, men som gjekk likevel, og var der, og sat der, og laga dagen kjekk og triveleg !!!

Dagen var super, og trur nok alle gler seg til reprise påska 2014. Hjarteleg takk for oppmøte alle som ein, og fortsatt GOD PÅSKE.

 

 

 



Legg igjen svar

Navn
(* kreves)
E-post adresse
( * kreves - vil ikke vises )
Web side
Kommentar
(* kreves)