Feios » Vidasete opp » Om arrangement
Om arrangement

Søndag 8 juli 2018 inviterer Feios Idrettslag til motbakkeløp for tolvte gong Vidasete Opp er ei fantastisk naturoppleving med storslagen utsikt over Sognefjorden på toppen.

Siste åra har ca 100 stk kappast om å komma fyrst til topps + ca 200-300 i trimklassen… Men er du skral å gå , fortvil ikkje. Du kan og få med deg løpet frå startarenaen på Lunde. Der er det speaker med fortløpande info, bilete,musikk og moro under heile løpet i tillegg til salg av forfriskningar.Blandt anna Alm gård Iskrem. Forrykande premieutdeling på idylliske Lunde ca kl 15:00. Det blir sett opp partytelt i tilfelle ”sterk sol ” ;)

  • Deltakarane skal starte snart

  • Masse folk som koser seg på Lunde

Påmelding 2018

Påmelding gjennom EQTiming

Lurar du på noko eller klarer du ikkje og registrere deg? Me er tilgjengelig på telefon, ring:

  • Monica: 95172583
  • Gunnar: 97180207

Informasjon om arrangement

Premiering

1.pl. kr 5 000 — 2.pl. kr. 2 000 — 3.pl. kr 1 000

Om ny løype rekord: + kr. 2 000

  • Premiering 1-2-3 plass i kvar klasse
  • Også trekt premie på startnummer og trimklasse
  • Natursti med premie til barna

Starttid

Trim/mosjon/familietur 10.00-12.00
Konkurranseklassar : 12.27

Startområde

Høgdegarden Lunde 400 moh. Fellestransport opp.

Målområdet

Vidasethovden 1227 moh

Klasseinndelinga konkurranse

Indelinga gjeldar både dame- og herre klassar:

  • 15-17
  • 18-29
  • 30-39
  • 40-49
  • 50-59
  • 60-64
  • 65-69
  • 70+

- Forbode med stavar og sko med skarpe piggar

- Veging av sekk, min 2,5 kg

Start-Kontingent

Prisar konkurranse

Det er NOK 250 for deltakara som er førehandspåmeldte og NOK 350 for dei som melde seg på søndag.

Prisar Nesten Opp

NOK 150,- for forhandspåmelde og NOK 200 på dagen.


Du kan melde deg via nettet fram til kl.11:15 på sjølve konkurranse dagen.
I tillegg kjem lisens  til Norges friidrettsforbund for dei som ikkje har års lisens der fra før.

Prisar ikkje konkurranse

Familietrimm kostar, NOK 250
Individuelt, NOK 100

Betaling

Automatisk betaling ved påmelding i EQ-timing systemet ved forhandspåmelding i for konkurranseklassen.

Etterpåmelding i konkurranseklassen  kan betale ved registrering i Feios Ungdomshus.

Trim betalest ved registrering i Feios Ungdomshus.

-Me har bankterminal.

Registrering

Registrering for både konkurranse og familietrimm finner sted ved:

Feios ungdomshus frå kl. 9:00-11:15

Her får dei som er med i konkurranse  startnummer. Vegen til ungdomshuset er skiltet.

Last ned folder med info om arrangement

Sponsorane