Feios » Vidasete opp
Vidasete opp

Sognefjordens flottaste motbakkeløp vert arrangert i Feios for 13. gong!! 8. Juli 2018. Løpet er ope for deltakarar i både trim- og konkurranse klasse, og tilskodarar. Her kan du visa kva evner du har i motbakkane, og konkurrera om bestetider, du kan ta ein roleg trimtur saman med familien eller naboen, i nydeleg natur, og med ei utruleg fantastisk utsikt som premie på toppen. Du kan og velja å vera sosial og fylgja løpet ved startområdet på Lunde, der du kan nyta kaffi, brus og vafler som elevbedrifta byr på, eller du kan smaka heimelaga is frå Alm Gard, samtidig som du mottek kontinuerlege oppdateringar frå løpet.

Premiering Konkurranse klasse

  • 1. plass: NOK 5000
  • 2. plass: NOK 2000
  • 3. plass: NOK 1000
  • Om ny løype rekord: + NOK 2000

Utanom premiering for konkurranse klasse har me også premiering for 1. 2. 3. plass i kvar klasse

Startarenaen er Lunde. Ein høgdegard i Feios som ligg 400 moh. Startområdet ligg like ved det spesielle steinhuset som er verdt ein liten kikk. Dette huset kan du lesa om på sidene til fylkesarkivet Sogn og Fjordane.

Total lengd på løpet er 4.0 km. Stigning frå 400- 1227 moh. Sjå høgdeprofil og rute

På veg oppover i løypa passerer ein fleire stølar, før ein endar på toppen og Vidasethovden som ligg 1.227 moh. Her er ei fantastisk utsikt, og ein ser langt både innover og utover Sognefjorden. Veldig flott utsyn over mot Leikanger og Balestrand.

Påmelding 2018

Påmelding gjennom EQTiming

Lurar du på noko eller klarer du ikkje og registrere deg? Me er tilgjengelig på telefon, ring:

  • Monica: 95172583
  • Gunnar: 97180207

Last ned folder med info om arrangement

Omtalar i media

Løyperekordar Vidasete Opp
Herre 31:42 Thorbjørn Thorsen Ludvigsen Bergen Løpeklubb (2015)
Dame 40:28 Therese Sjursen BFG Fana (2015)

Løyperekordar Vidasete Nesten Opp
Gutar 16:08 Bjørnar Fosse Vaksdal, Bjørgum IL (2016)
Jenter 17:19 Ina Martini Asker Sk. Friidrett (2016)

SJÅ HER FOR RESULTATLISTER

Vidasete opp på facebook:

Kontakt oss: vidaseteopp(at)hotmail.com