Feios » Nyheter » 1.Des var det info møte ang fiber utbygging i Feios
1.Des var det info møte ang fiber utbygging i Feios

IMG_0548

Vik kommune har fått 2,4 mill i statlege midlar til dette prosjektet, og er no i startfasen på dette arbeidet. Du kan lesa meir om dette prosjektet på Vik kommune sine sider http://m.vik.kommune.no/article.php?id=5625453 Oversikt over sonekart finn du og på kommuen sine sider.

Som eit ledd i det vidare arbeidet er det viktig for Vik kommune å registrera interessa for å knyta seg til det nye nettet i Feios. Me ber difor alle feiosingar som er interessert om å melda dette til kommunen fortrinnsvis ved å fylla ut og senda inn skjema som ligg på vik.kommune.no under sjølvhjelp, offentlege høyringar. Det er også høve til å melda interesse ved å senda e-post til postmottak@vik.kommune.no, eller ta kontakt med sakshandsamar Geir Svendsen på tlf 918 49 773. Det ligg skjema i papirform på biblioteket på Feios skule, og på Feiosbui.

Viktig at så mange som mogleg melder si interesse.

 

 

 

 



Legg igjen svar

Navn
(* kreves)
E-post adresse
( * kreves - vil ikke vises )
Web side
Kommentar
(* kreves)