Velkommen Feios ligg i Vik kommune, og her bur ca 280 innbyggjarar. Bygda har eigen barne- og ungdomsskule og barnehage som er samlokaliserte. I same bygget finn ein og bibliotek og gymsal. Uteområdet rommar ballbinge og badeplass. I bygda finn du også Feios Kyrkje, nærbutikken Feios bui og ein nyskapande isfabrikk. Denne sida er utvikla i iniativ frå Feios bygdalag med Feios Idrettslag og lokale næringsdrivande som gode samarbeidspartnarar. Vårt mål er å gjenom denne sida holde folk i og utanfor bygda orientert om kva som skjer. Følg med på kalendaren, der vil me legga in dato for vidasete opp, swim festival og andre hendingar som er verdt å få med seg.